Ny løyperekord!

Årets arrangement samla 73 deltakarar, der 23 stillte i konkurranseklassene. Nokre dagar med bygevær i forvegen la ikkje opp til rekordforhold, men det var ei dame som ikkje ville høyre på det.

Anniken Hjelbakk Hole på veg mot toppen

Anniken Hjelbakk Hole susa inn til klar ny løyperekord for damer på tida 3:36:13. Nesten to timar(!!) raskare enn den tidligare rekorden. Dette holdt til ein fjerdeplass totalt for dama frå Hellesylt, som no bur i Valldal. 3.000,- i rekordpengar frå Sparebanken Møre kunne ho ta med i bagasjen heim.

Mattias Dahlberg på veg mot mål

Det var tre herrer som hamla opp med Anniken, og først av desse var Mattias Dahlberg med vinnartida 3:21:06.

Frå venstre Ole Magnus Melchior(nr.2), Rune Dimmestøl(nr.3) og vinnaren Mattias Dahlberg.

Ingen var i nærheita av rekorden til Lars Åkernes Rimereit frå 2018, på 2:44:19. Og den trur vi blir ståande ei stund. Skal ein slå den må fleire ting klaffe, blandt anna værmeldingane.

50 spreke mosjonistar nytta høvet til å kose seg i vakker verdsarvnatur.

Nede i bygda kunne både turgåarar, fjelløparar og andre prøve seg i “Farmen- challenge” mot tidlegare deltakarar i det populære programmet. Både øksekast og slegge var spennande innslag, men høgdepunktet var heilt klart mjølking av geit. Til slutt gjekk den lokale helten Ola Grønningsæter sigrande ut av tvekampane.

Øksekast, slegge og geitemjølking under 1851 OppNed Norddal

Det blir ikkje berre motbakke- og mosjonsløp under 1851 OppNed Norddal. Arrangørane inviterer i tillegg til ein durabeleg gardsduell, der også publikum kan måle krefter med tidlegare Farmen-deltakarar.

Opphaveleg var det annonsert at Frank Løke, kjend handballspillar og realitydeltakar, skulle stille under 1851 OppNed Norddal.
– Diverre har vi no fått kontramelding frå Løke. Av personlege årsakar kan han ikkje kome til Norddal den helga. Vi køyrer likevel på med det oppsette programmet. Løpa går sin gang, og vi har fått inn fullgode erstattarar til det vi har kalla Farmen Challenge. Det er no blitt Farmen-Olavs Farmen Challenge, fortel Ole Magnus Melchior.

Farmen-Olav som det refererast til er sykkylvingen og tidlegare Farmen-deltakar Olav Harald Ulstein. I tillegg kjem Frank Aniksdal, som vart kjend sin skjeggvekst, mykje hår og sterke meiningar. Vinnaren av Farmen 2014, mjølkebonden Magnhild Vik, kjem også til bygda. Vik kjem frå Innfjorden i Rauma kommune.

Dei tre tidlegare Farmen-deltakarane skal konkurrere i øksekast, slegge og mjølking av geiter i Melchiorgarden. MEN: Det vil også bli høve for andre å kvalifisere seg for kappestriden! Frå klokka 12.00 kan publikum kvalifisere seg gjennom duellar i øksekast. 50 kroner for tre kast, der poengsummen er avgjerande for avansement.

– Vi legg opp til at dagen i Norddal skal vere full av aktivitet og opplevingar i samband med løpa til Torvløysa og Daurmålsfjellet. Farmen-Olavs Farmen Challenge vil blir eit av dagens høgdepunkt, fortel Melchior