Klart for Norges høgste motbakkeløp

Har du toppa forma til fjelløp og trimløp tidlegare i år? Då har du ei moglegheit til å bruke forma i endå ei spektakulær oppleving: Norges høgste motbakkeløp, 1851 høgdemeter, og ned igjen! Den 24. August får du også anledning til å delta i litt rolegare former, enten i mosjon- eller familieklasse.

Starten i konkurranseklassene går frå Melchiorgarden i Norddal, og følgjer samme traseen mot toppen via Rellingsetra. Mosjon- og familieklassene starter på Rellingsetra, og det er satt opp gratis transport dit frå parkeringsplassen på Hatlestad.

I fjor satte Lars Åkernes Rimereit løyperekord, med utrulege 2.44.16. Marcus Megrund (216) blei nummer to, medan Jonas Hesthaug(212) blei nummer tre.

Arrangøren ynskjer velkomen til turdag i verdsarvområdet med fantastiske fjell og fjorder som innramming. Dette blir ei fin oppleving for både store og små sprekingar på alle nivå.

Trykk her for påmelding