805 OppNed Daurmålsfjellet

Starten for alle løpa går i fjøresteinane mellom Joker butikken og kyrkja og endar same plass. Første kilometeren over elva, forbi Petrines gjestgiveri og nesten opp til barnehagen er asfaltert og relativt flat.

Her tek ein til venstre gjennom eit le og følgjer gamlevegen i ei relativt tung oppstigning mot Rellingsetra. Etter 2.8 km og 300 moh kryssar ein den kommunale vegen og held fram mot Rellingsætra (570 moh og 4,2 km). Her kjem ein til eit lettare parti som går i fin kupert rås langs elva Dyrdøla framover Dyrdalen. Etter 5.3 km kryssar ein elva som kjem frå Storvatnet over ei bru og følgjer stien til Innsetsetra (600moh). Ved Dyrdøla bør ein fylle flaske/tank. Her er siste moglegheit for å fylle vatn før ein når toppen. Vidare følgjer ei relativt tung oppstigning mot Daurmålsfjellet i fin rås. Når det flatar litt ut kjem ein til ei myr og eit skilt som peikar mot Torvløysa, her skal dei som deltek i Daurmålsfjellet 805 OppNed springe rett fram mot snuplassen som er heilt ute på pynten av fjellet med fin utsikt.

Nedturen blir ein opptur tilbake til målgang i startområdet. Ved passering Innsetsetra og Rellingsetra begynner føtene å kjenne at det har vore mange høgde- og lengdemeter allereie, men der er litt att.

Målgang er i fjøresteinane, akkurat der ein starta.