1851OppNed Norddal arrangerast også i 2020!


18.juli er det klart for fjelløp i Norddal for fjerde gong. Som i fjor er det to konkurranseklasser, ein mosjonsklasse og familieklasse.

Konkurranseklassene startar nede i bygda og følgjer kvarandre til Daurmålsfjellet 805 m.o.h, som er vendepunktet i den kortaste klassen. Den lengste klassen fortsetter til toppen av Torvløysa på 1851 m.o.h. Nedturen blir ein opptur tilbake til målgang i bygda.

I tillegg arrangerast mosjon- og familieklasse med start frå Rellingsetra. Destinasjonen her er også Torvløysa eller Daurmålsfjellet. Den kortaste turen til Daurmålsfjellet er godt eigna for familiar!



Vi nyttar racetracker sitt påmeldings- og tidtakingssystem for å halde kontroll på alle deltakarane, som for augeblikket er avgrensa til 200 deltakarar. Konkurranseklassene nyttar tidtakingschip på foten. Alle påmeldte må innom sekretariatet i bygda før start for registrering og tildeling av startnummer.

I bygda og på fjellet er det rikeleg med plass for å halde avstandskrava satt av folkehelseinstituttet.


Filmsnutt frå fjorårets arrangement kan du sjå her

Velkomen til Norddal 18.juli!

Neste arrangement 18.07.2020

Familie- turdag og fjelløp i Norddal – OppNed

1. Konkurranse: Fjelløp frå Melchiorgarden i Norddal til toppen av Torvløysa 1851m, målgang ved start.

2. Konkurranse: Fjelløp frå Melchiorgarden i Norddal til Daurmålsfjellet 805m, målgang ved start.

3. Mosjonsklasse: Topptur frå Rellingsetra i Norddal til toppen av Torvløysa 1851m, retur til Rellingsetra.

4. Familieklasse: Tur frå Rellingsetra i Norddal til Daurmålsfjellet 805m, retur til Rellingsetra.

Ny løyperekord!

Årets arrangement samla 73 deltakarar, der 23 stillte i konkurranseklassene. Nokre dagar med bygevær i forvegen la ikkje opp til rekordforhold, men det var ei dame som ikkje ville høyre på det.

Anniken Hjelbakk Hole på veg mot toppen

Anniken Hjelbakk Hole susa inn til klar ny løyperekord for damer på tida 3:36:13. Nesten to timar(!!) raskare enn den tidligare rekorden. Dette holdt til ein fjerdeplass totalt for dama frå Hellesylt, som no bur i Valldal. 3.000,- i rekordpengar frå Sparebanken Møre kunne ho ta med i bagasjen heim.

Mattias Dahlberg på veg mot mål

Det var tre herrer som hamla opp med Anniken, og først av desse var Mattias Dahlberg med vinnartida 3:21:06.

Frå venstre Ole Magnus Melchior(nr.2), Rune Dimmestøl(nr.3) og vinnaren Mattias Dahlberg.

Ingen var i nærheita av rekorden til Lars Åkernes Rimereit frå 2018, på 2:44:19. Og den trur vi blir ståande ei stund. Skal ein slå den må fleire ting klaffe, blandt anna værmeldingane.

50 spreke mosjonistar nytta høvet til å kose seg i vakker verdsarvnatur.

Nede i bygda kunne både turgåarar, fjelløparar og andre prøve seg i “Farmen- challenge” mot tidlegare deltakarar i det populære programmet. Både øksekast og slegge var spennande innslag, men høgdepunktet var heilt klart mjølking av geit. Til slutt gjekk den lokale helten Ola Grønningsæter sigrande ut av tvekampane.