1851 OppNed Torvløysa

Starten for alle løpa går i fjøresteinane mellom Joker butikken og kyrkja og endar same plass. Første kilometeren over elva, forbi Petrines gjestgiveri og nesten opp til barnehagen er asfaltert og relativt flat.

Her tek ein til venstre gjennom eit le og følgjer gamlevegen i ei relativt tung oppstigning mot Rellingsetra. Etter 2.8 km og 300 moh kryssar ein den kommunale vegen og held fram mot Rellingsætra (570 moh og 4,2 km). Her kjem ein til eit lettare parti som går i fin kupert rås langs elva Dyrdøla framover Dyrdalen. Etter 5.3 km kryssar ein elva som kjem frå Storvatnet over ei bru og følgjer stien til Innsetsetra (600moh). Ved Dyrdøla bør ein fylle flaske/tank. Her er siste moglegheit for å fylle vatn før ein når toppen. Vidare følgjer ei relativt tung oppstigning mot Daurmålsfjellet i fin rås. Når det flatar litt ut kjem ein til ei myr og eit skilt som peikar mot Torvløysa, her skal dei som deltek i Daurmålsfjellet 805 OppNed springe rett fram mot snuplassen som er heilt ute på pynten av fjellet med fin utsikt.

Dei som er med i Torvløysa 1851 OppNed skal svinge mot aust opp på ein rygg som går parallelt med Dyrdalen. Det er no 1000 høgdemeter og 5.5 km igjen til toppen som ligg i sør. Første partiet langs denne ryggen er forholdsvis lett og har god rås, men det blir stadig brattare og meir utfordrande å fote seg. Råsa er godt merka med vardar og raude små flagg, men kan vere utfordrande i dårleg sikt.

Etter 10km og 1450moh kjem ein til eit platå på vel 500m som framstår som flatt og har fantastisk utsikt(i finevær) mot Storvatnet, Storvasshornet og Skårene i retning vest og sør- vest. Siste del mot toppen består av rå gråsteinsur og er tungt, bratt og ulendt før det flatar litt ut siste 300m. Lengde 12.2km, stigning 1851m.

Rundt varden på høgste punktet er det ope og relativt flatt, underlaget er ein god miks av store og mindre steinheller. Frå varden har du 360 graders panoramautsikt mot Pyttegga i Aust, Kupenibba i Sør, Skorene i Vest og Norddal og Norddalsfjorden i Nord.

Nedturen blir ein opptur tilbake til målgang i startområdet. Om været er bra kan ein nyte uslåeleg utsikt mens ein prøver å halde kontroll på føtene heimover ryggen mot Daurmålsfjellet. Ved passering Innsetsetra og Rellingsetra begynner føtene å kjenne at det har vore mange høgde- og lengdemeter allereie, men der er litt att.

Målgang er i fjøresteinane, akkurat der ein starta.